• fredag 15. august
    Ledig stilling!
    fredag 15. august kl.
    Ledig stilling!
    Vi er ledig! Er du?

    Vil du arrangere konsertar? Kanskje lage eit moteshow? Invitere folk til teatret? Eller rett og slett berre sette opp ein god film?

    Ingebrigt Davik-huset KF er eit aktivt kulturhus i Haram kommune - fylt med musikk, kinovisningar, skodespel, seminar og konferansar!

    Vi søker no ny dagleg leiar/kinosjef som kan vere med å vidareutvikle huset. Personen vi leitar etter er idérik og har god gjennomføringsevne – og ikkje minst evne til å halde mange ballar i lufta samtidig!
    Han eller ho bør ha interesse for og erfaring med kulturbransjen, og ha minimum 3-årig bachelorgrad frå høgskule eller universitet.

    Dagleg leiar har ansvaret for økonomien, personalet, marknadsføringa og programinnholdet på kulturhuset og kinoen, i tillegg til alt av små og store oppgåver som er ein del av den daglege drifta.

    For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Hans Pareliussen, tlf 99 50 62 70 eller styreleiar Randi W. Frisvoll, tlf 95 06 73 35

    Send søknad og cv til post@idhuset.no innan 15. august!

    Sjå også www.haram.kommune.no
    Les meir..
  • sundag 31. august
    UL Fram: Annie
    sundag 31. august kl.17.00
    UL Fram: Annie
    Tradisjonen tru er det UL Fram som sparkar i gong haustsesongen på ID-huset!

    UL Fram setter opp den rørande historia om jenta som prøver å flykte fra barneheimen strengt styrt av Miss Hannigan, på huset vårt. Handlinga er lagt til USA på 1930-talet, og er full av intriger og farer, tristheit og glede, sentimentalitet og humor.

    «Annie» er ein perfekt musikal for heile familien, og juniorgruppa i UL Fram lover store, energifylte numre, fantastisk scenografi, masse spenning og hjartevarme augeblikk.
    Les meir.. Kjøp billetter
  • sundag 14. september
    Vi minnest ...#1: Lars Kåre Rogne
    sundag 14. september kl.19.00-20.30
    Vi minnest ...#1: Lars Kåre Rogne
    I samarbeid med Arild Remmereit presenterer Ingebrigt Davik-huset ein serie arrangement hausten 2014 som tek for seg dei gode energiane som har vore med på å forme det lokalsamfunnet vi har i dag. Her blir det samtalar, musikk, og mykje meir!

    Arild Remmereit frå Brattvåg har dirigert orkester og operaer verda over gjennom fleire tiår. No vil han tilbake til røtene med prosjektet "Vi minnest ...".

    I det første av tre arrangement i serien, 14. september, minnest vi talentet og eldsjela Lars Kåre Rogne:
    Fotballtalentet, æresmedlemmet av Brattvåg idrettslag og fotballdommaren som dømde i eliteserien; Musikktalentet med si fantastiske songstemme, gitaristen, trombonisten, medlemmet i Brattvåg skulekorps til han var meir enn ein vaksen mann;
    Programleiaren, læraren, skribenten. Det positive midtpunktet i eit kvart høve. Alltid for sambygda.

    Om programserien seier Arild Remmereit
    - "Det er ei stor glede for meg å skulle samarbeide med ID- huset. Etter å ha hatt æra av å stå for den offisielle opninga av huset har eg med stor interesse følgd den fine utviklinga det har hatt.

    Samfunnet her var godt å veksa opp i. Etter å ha levd meir enn halvparten av mitt liv i utlandet vil eg seia at modellen her for korleis moralske, etiske, samhald og sosiale spørsmål vert handsama er bedre og riktigare enn i dei fleste land.

    For at vårt samfunn skal utvikla seg og vera sterkt- for at bygda vår byggjast- er det av uvurderleg viktigheit at ein verdsett, vernar om, støttar og minnast positiv energi som har blitt og blir lagt att her.

    Med utgangspunkt i desse tankane inviterar eg sambygdingar til å vera med å feira personar og hendingar som har mykje å seie for livskvaliteten me nyt.Også vil eg gjerne høyra dykkar tankar om kva som kan vera med å forma framtidige program".

    Det vil bli gitt ei gåve til demensavdelinga på Brattvåg sjukeheim i samanheng med dette arrangementet.

    Foto: Frank Petronio
    Les meir.. Kjøp billetter
  • fredag 19. september
    På Scenå: Egil Olsen + Stig Ulv
    fredag 19. september kl.20.00-23.00
    På Scenå: Egil Olsen + Stig Ulv
    Scenå Jazz- og Bluesklubb sparkar i gong sesongen med eit par verkelege godbitar:

    Egil Olsen er ein singer/songwriter utanom det vanlege; ein av Noregs finaste liveartister med sine underfundige og humoristiske songar som elegant balanserer med det såre, nære og naivt ærlige i musikken hans.

    Ørsta-karen er også albumaktuell til hausten, men allereie i august kjem singel og musikkvideo, og han spelar på sjølvaste Øyafestivalen si hovudscene.

    Tidligere i år var han også å sjå som teikneseriefigur i si daglege gjestestripe i Dagbladet; "Eg - Egil Olsen" - eit sjølvbiografisk lite innblikk i dei tristmorsomme sidene av livet som singer/songwriter. Han har også sin eigen spalte på radiokanalen NRK P13 der han deler fordeler og ulemper i artistlivet.

    Stig Ulv spelar ikkje på gitarane sine, han får dei til å snakke! Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonen over hav.

    Kvelden opnar altså med stemningsfull instrumentalmusikk med ein uimotståeleg klang, som ei slags oppvarming til Olsens sett.

    NB! 18 år og servering!

    Les meir.. Kjøp billetter
  • laurdag 11. oktober
    Faulty Towers: The Dining Experience
    laurdag 11. oktober kl.19.30
    Faulty Towers: The Dining Experience
    Sjekk inn på eit kulturhus i særklasse og få ein middag utanom det vanlege!

    Fawlty Towers, eller "Hotell i Særklasse", er sannsynligvis den meste populære og mest kjente britiske komiserien som er vist på norsk TV.

    Rollefigurane som vi elskar gjenoppstår i ‘Faulty Towers The Dining Experience’, som er eit unikt, interaktivt to-timars show fullstappa med latter og med humoren vi huskar frå serien. Alt kan skje når den maniske Basil, den dominerande Sybil og ikkje minst den språkforvirra, klønete Manuel serverar gjestane middag på typisk ‘Faulty’-måte!

    ‘Faulty Towers The Dining Experience’ har vært ein kjempehit over heile verda og kjem no til Norge!

    OBS! Kjøp før 1. august og få kampanjepris til 495,-! Billett inkluderar 2-retters middag og show!

    Dette showet blei satt opp på ein restaurant i London’s West End tidleg i November 2012. I følge Time Out London, er det eit av dei mest besøkte showa i byen den same månaden. ‘Faulty Towers The Dining Experience’ debuterte på Sydney Opera House i september 2013 med 8 utselde show.

    No, i mai 2014, debuterte showet på selvaste Royal Albert Hall med 5 utselde show - dette vert rekord, for spillestaden har aldri før booka fem framsyningar på rad!



    Les kva kritikarane seier:

    ‘Det har muligens vært ledd mer på kortere tid av et Gaffel & Karaffel-publikum tidligere under et show, men jeg tviler på det. Noensinne. For Faulty Towers The Dining Experience er noe for seg selv'– Rogalands Avis

    ‘****A once in a lifetime dining experience’ – London Theatre Guide

    **** A two-hour eat, drink and laugh sensation’ - Daily Telegraph

    '***** This is top end entertainment, a triple espresso of physicality that will knock you for six. Deliciously entertaining from start to finish, this is not to be missed.' - What’s On - London

    '***** This is belly-achingly funny and something truly unique. We can’t recommend it enough’ – London Date Guide
    Les meir.. Kjøp billetter
  • laurdag 18. oktober
    På Scenå: Hurricane
    laurdag 18. oktober kl.20.00-23.00
    På Scenå: Hurricane
    Det er dags for ein kveld i Bob Dylan si ånd!

    7-manns-bandet Hurricane oppsto på Beitostølen under Dylanfestivalen i 2008, men held seg til vanlig i Stranda og Sykkylven.

    Bandnavnet er sjølvsagt henta frå Dylans låt om boksaren Rubin Carter sin skjebne, og dei har sidan starten satsa for fullt på å vere ei fullblods hyllestband til legenden bak låtane.

    Publikum får høre eit rikt utval av Bob Dylans fantastiske songar på flere språk og i ymse stilarter, både viser, blues, bluegrass og rock er med når Hurricane står "på scenå".

    NB! Servering - 18 år!
    Les meir.. Kjøp billetter
  • sundag 26. oktober
    Vi minnest ...#2: Den hydrauliske vinsjen!
    sundag 26. oktober kl.17.00
    Vi minnest ...#2: Den hydrauliske vinsjen!
    I samarbeid med Arild Remmereit presenterer Ingebrigt Davik-huset ein serie arrangement hausten 2014 som tek for seg dei gode energiane som har vore med på å forme det lokalsamfunnet vi har i dag. Her blir det samtalar, musikk, og mykje meir!

    Arild Remmereit frå Brattvåg har dirigert orkester og operaer verda over gjennom fleire tiår. No vil han tilbake til røtene med prosjektet "Vi minnest ...".

    I det andre av tre arrangement i serien, 26. oktober, minnest vi den revolusjonerande oppfinninga: Den hydrauliske vinsjen.

    Pioneren Nils. N.F innøy sin motorfabrikk står som ein arnestad for veldig mange industribedrifter i Møre og Romsdal, til dømes Hydraulik Brattvåg - i dag Rolls Royce, Brattvåg. Håkon Sønderland og Einar Røsok, oppfinnarane av den hydrauliske vinsjen, gjekk i lære med Nils N. Finnøy. I samtaler og intervju med lokale gjester, ser vi på den store betydninga både ideen og bedrifta har hatt for samfunnet vårt.

    Om programserien seier Arild Remmereit:

    "Det er ei stor glede for meg å skulle samarbeide med ID- huset. Etter å ha hatt æra av å stå for den offisielle opninga av huset har eg med stor interesse følgd den fine utviklinga det har hatt.

    Samfunnet her var godt å veksa opp i. Etter å ha levd meir enn halvparten av mitt liv i utlandet vil eg seia at modellen her for korleis moralske, etiske, samhald og sosiale spørsmål vert handsama er bedre og riktigare enn i dei fleste land.

    For at vårt samfunn skal utvikla seg og vera sterkt- for at bygda vår byggjast- er det av uvurderleg viktigheit at ein verdsett, vernar om, støttar og minnast positiv energi som har blitt og blir lagt att her.

    Med utgangspunkt i desse tankane inviterar eg sambygdingar til å vera med å feira personar og hendingar som har mykje å seie for livskvaliteten me nyt.Også vil eg gjerne høyra dykkar tankar om kva som kan vera med å forma framtidige program".

    Foto: Frank Petronio
    Les meir.. Kjøp billetter
  • fredag 31. oktober
    Jonas Fjeld Kvartett
    fredag 31. oktober kl.19.00-20.30
    Jonas Fjeld Kvartett
    Trass i det ryktet seier, så er ikkje Jonas Fjeld nokon rusten herre. Etter meir 40 år som artist er han meir vital enn nokon sinne! Albumet "Western Harmonies", som kom hausten 2013, har han enda ein gong hatt stor suksess med nytt album og spelemannsnominasjon.

    I tillegg til å vere kjent for sitt samarbeid med Ole Paus, er Jonas Fjeld mannen bak klassiske norske låtar som "Engler i sneen" og "Drammen i regn". Dei siste åra har han også samarbeida med det amerikanske country-bandet Chatham County Line. Dei gjesta Ingebrigt Davik-huset i 2007 og spelte ein smått legendarisk konsert.

    Denne gongen er han på vegen med sin eigen kvartett: Jonas Fjeld, Finn Tore Tokle, Ben Basgård og Cato Kristiansen.

    Vi kan love ein lun konsert med humor, varme og ettertenksame songar!
    Les meir.. Kjøp billetter
  • torsdag 06. november
    Helene Bøksle
    torsdag 06. november kl.19.00-20-30
    Helene Bøksle
    Sørlandets vakreste sangstemme blir å høyre på Ingebrigt Davik-huset i november!

    Helene Bøksle vaks opp ein times sykkeltur frå Mandal og debuterte med plata «Elverhøy» i 2006, to år etter at den ble spelt som framsyning i Kristiansands storslagne Ravnedalen for første gong.

    Ein kan godt kalle dette for eit gjennombrot, men oppfølgjaren «Morild» (2008), der ho saman med folkemusikkgruppa Baltic Crossing tolkar originalane som forma ho musikalsk, blei svært godt mottatt som ei plate med norske folketonar framført frå hjartet. Året etter kom den kritikarroste juleplata «Det hev ei rose sprunge», som no har solgt over 50 000 eksemplarer.

    Sørlandets gullstrupe har ein også kunne sjå på NRK saman med Kringkastingsorkesteret (KORK) med 700 000 sjåarar, ho har vært med på Melodi Grand Prix (2011), levert vokal til temamusikken til videospillet Age of Conan og vore med på det populære programmet Beat for Beat på NRK.

    I fjor ga Bøksle ut sitt fjerde soloalbum, «Svalbard»:
    «Tekstene og innholdet her gir et bilde på den reisen jeg selv har hatt. Jeg er takknemlig for alle erfaringene på veien som har gjort meg sterkere, og valgene mine tydeligere», seier ho.

    Ifølgje Helene Bøksle markerar denne plata ein ny start for ho. Vi er glade for å kunne presentere ei av Norges vakraste stemmer i haust, og vi kan vente oss høgdepunkt frå heile karrieren hennar.
    Les meir.. Kjøp billetter
  • laurdag 08. november
    Bukkene Bruse i badeland
    laurdag 08. november kl.15.00-16.00
    Bukkene Bruse i badeland
    Barna er i fokus på kulturhuset også i haust, for nå har Barneteatret Vårt laga teater av denne sjarmerande, morosame og elleville historia - ei familieframsyning som passar for born i alderen 3-100 år!

    Bukkene Bruse er på veg til seters for å gjere seg feite. Men så - på vegen dit får dei auge på eit nytt skilt: "Badeland - 200 meter". Det verkar spanande, og når dei også oppdagar at badeland har ei lang vannsklie med det forlokkande namnet Snurre Snabel, lar dei seg friste og bestemmer seg for å droppe setra og heller ta ein tur innom badeland. Der storkosar dei seg - heilt til trollet dukkar opp…

    Det er Bjørn F. Rørvik som har skrive boka ”Bukkene Bruse på badeland”, der han gir oss ein moderne vri på eit av våre mest kjente eventyr, som har den blitt ei av landets mest populære billedbøker. Rørvik har også skrive fortellinga om reven og grisungen i ”Prikkesyken”, som Barneteatret Vårt dramatiserte og hadde stor suksess med for 3 år sidan.

    Varighet: 55 minutter.

    Bukkene Bruse på Badeland:
    Av: Bjørn F. Rørvik
    Dramatisering: Ferran Audi og Eva Eklöf Mørkeset
    Instruktør: Ferran Audi
    Scenografi: Märta Fallenius
    Musikk: Ørjan Liavaag
    Lysdesign: Finn Landsberg

    Medverkande: Ellen Andreassen, Ina Breivik, Ørjan Liavåg, Kristine Myhre Tunheim, Wilhelm Støylen
    Les meir.. Kjøp billetter
  • fredag 14. november
    På Scenå: Strange Days
    fredag 14. november kl.20.00-23.00
    På Scenå: Strange Days
    Ålesundsbandet Strange Days har trava rundt i musikkmanesjen i nokre år no, og bør derfor være eit kjent namn for blues- og rockinteresserte sjelar i Møre og Romsdal.

    Dette velspillende bluesrock-bandet er leia av vokalist og gitarist Ingolf Nilsen, som for 14 år sidan starta gruppa Perfect Strangers. Etter ein del utskiftningar av bandmedlemmane endte dei etter kvart opp med namnet Strange Days: Torbjørn Siem (trommer), Erik Krogen (bass), Tommy "B3"Eide (keys) og Odd Einar Holten (gitar).

    Strange Days leverer eigenkomponert rock med gjenklang frå gullalderen på 70- og 80-tallet, sjølvsagt med ei sterk tilknytning til bluesen. To plater har dei i fått ut i hyllene. Med titlar som "Strange Days - I" og "Strange Days - vol. II", er det kanskje ikke så vanskeleg å vite kva slags 70-tallsheltar ein er inspirert av der...

    NB! 18 år - servering!
    Les meir.. Kjøp billetter
  • laurdag 15. november
    Margot får besøk
    laurdag 15. november kl.19.00-20.30
    Margot får besøk
    Ina Breivik si humorframsyning "Margot får besøk" har tatt både publikum og presse med storm!

    Framsyninga slo alle besøksrekordar i Ålesund i fjor haust, og etter ein liten turnè, og 2 perioder i Bergen, er framsyninga no klar for ein ekstra turnè.
    Sunnmørsposten, Bergens Tidende og BA trilla alle terningen til fem etter premiera. Breivik er også nominert til komiprisen for beste kvinnelige komiker for rolla som Margot.

    Med seg på scena har Ina denne gongen Ørjan Liavåg, kjent for dei fleste som Leif Per frå framsyningane til Hildegunn Moltubakk. Liavåg får også denne gongen brukt erfaringa si med å spele mot middelaldrende damer frå Sunnmøre som har snakketøyet i orden.

    Liavåg speler et heilt persongalleri som på ein eller annen måte har ærend hos Margot. Dette er haustens store komedie som du ikkje bør gå glipp av!
    Les meir..
  • laurdag 22. november
    Jean de France - komedie av Ludvig Holberg
    laurdag 22. november kl.18.00-19.30
    Jean de France - komedie av Ludvig Holberg
    Jean de France - en ellevill komedie av Ludvig Holberg.

    I "Jean de France" vender Hans Frandsen heim til sin fødeby etter eit år som student i Paris. Han har skifta stil til høgste parisarmote og vil no omtalas som Jean de France. Morsmålet har han forlatt, men han har heller ikkje klart å lære seg riktig fransk.

    Arven er brukt opp, kjærasten Elsebet er fly forbanna, og svigerfaren Jeronimus held på å få slag kvar gong Jean valsar gjennom Storgata. Elsebet vil heller ha sin hemmelege elskar Antonius, og tjenestefolka Marthe og Espen har ein idè som kanskje kan løse problema. Snart dukkar den mystiske "Madame de la Fleche" opp for å trollbinde Jean de France, og lære han dei siste nye motane frå Paris...

    Når Ludvig Holberg hudflettar sine karakterkomediar ler vi så tårene trillar, samtidig som vi ler av oss sjølve. Dette blir ei framsyning full av fart, humor, musikk og overraskende krumspring.

    Varighet 1 time og 20 min (ingen pause).

    Regi: Gitte Siem
    Scenograf: Thomas Bjørnager
    Kostyme: Nina Flagstad
    Med: Lars Melsæter Rydjord, Bjørnar Teigen, Vivi Sunde, Nasrin Khusrawi med flere.
    Les meir.. Kjøp billetter
  • sundag 23. november
    Vi minnest ...#3: Brattvåg Skipsinnredning
    sundag 23. november kl.17.00
    Vi minnest ...#3: Brattvåg Skipsinnredning
    I samarbeid med Arild Remmereit presenterer Ingebrigt Davik-huset ein serie arrangement hausten 2014 som tek for seg dei gode energiane som har vore med på å forme det lokalsamfunnet vi har i dag. Her blir det samtalar, musikk, og mykje meir!

    Arild Remmereit frå Brattvåg har dirigert orkester og operaer verda over gjennom fleire tiår. No vil han tilbake til røtene med prosjektet "Vi minnest ...".

    I det tredje og siste arrangementet i serien, 23. november, minnest vi byrjinga til dagens Vard: Brattvåg Skipsinnredning.

    Vi ser på kva slags idear, samarbeid og nybrotsarbeid som gjorde bedrifta sentral i Brattvåg. Kven var menneska som starta dette arbeidet? Kva slags idear hadde dei om samfunnet dei var med på å bygge? Slike spørsmål vil vi ta opp i form av samtale og intervju med lokale gjester.

    I tillegg til dette vil vi i løpet av hausten tilby ein serie kurs der talentfulle born, unge og også vaksne musikalsk rettleiing frå Arild Remmereit – og målet er at det musikalske materialet som kjem ut av desse møta blir presentert på dei tre arrangementa.

    Om prosjektet seier Arild Remmereit:

    "Det er ei stor glede for meg å skulle samarbeide med ID-huset. Etter å ha hatt æra av å stå for den offisielle opninga av huset har eg med stor interesse følgd den fine utviklinga det har hatt.

    Samfunnet her var godt å vekse opp i. Etter å ha levd meir enn halvparten av mitt liv i utlandet vil eg seie at modellen her for korleis moralske, etiske og sosiale spørsmål vert handsama er ofte betre enn i mange land.

    For at eit samfunn skal utvikle seg og vere sterkt - for at bygda byggjast - er det viktig at ein vernar om, støttar og minnast positiv energi som har blitt og blir lagt att her.

    Med utgangspunkt i desse tankane inviterer eg sambygdingar til å vera med å feira personar og hendingar som har mykje å seie for livskvaliteten me nyt.”

    Foto: Frank Petronio

    Les meir.. Kjøp billetter
  • laurdag 29. november
    Brattvåg Janitsjar: Julefergå
    laurdag 29. november kl.18.00
    Brattvåg Janitsjar: Julefergå
    Laurdag 29. 11. blir det urpremiere på Julefergå på Ingebrigt Davik-huset.

    Julefergå er ein adventskalender som vart sendt på TV2 første gong i 1995, og den er godt kjend for alle sunnmøringar. Det var Brazz brothers som stod bak denne serien, både som skodespelarar og sjølsagt musikken. Handlinga skjer om bord i ”MF Svelå”, og det er ein humoristisk serie med god musikk.

    No har Brazz brothers arrangert dei mest kjende songane frå serien for korps, og Brattvåg janitsjar er det første korpset som får framføre desse stykka. Med seg vil janitsjaren ha skodespelarar, songarar, band og ei ekstern rytmegruppe.

    Her vil du få møte Wenche, Trond og Roger, og du vil få høyre låtar som Svelesangen, Bacalao og Skipperens vise.
    Få med deg denne oppsettinga på ID-huset laurdag 29. 11. Vi garanterer ei artig stund med god musikk, mykje humor og ein god del sveler!
    Les meir.. Kjøp billetter
  • laurdag 13. desember
    Mandarinsaft: Den magiske juledrikken
    laurdag 13. desember kl.15.00
    Mandarinsaft: Den magiske juledrikken
    "Mandarinsaft - den magiske juledrikken" er ei musikalsk fortelling om jula i Mandarinveien. Snøen lavar ned, og Emma går heim frå skulen. Det er juleferie og ho gler seg til jul! Emma går forbi Trollskogen. Der høyrer ho nokon som gret. Det er Trollet som er lei seg, for han har ingen å feire jul saman med.

    I Mandarinveien blir alt gjort klart til jul. Aller øvst i vegen bur Sevrin. Han er ein varm og gjestfri person som alltid har ope dør og god tid. Då Trollet kjem til Sevrin sitt hus, skjer det magiske og spanande ting!

    Mandarinsaft er Bendik Ulla, Johannes Rosmo Kuvås og Even Moen Jenssen. Bandet har tidlegare gitt ut fire plater for born og vaksne, og skal no ut på ein omfattande Norgesturné for å spre julestemning med den magiske juledrikken!
    Les meir.. Kjøp billetter
  • Komande filmar
    onsdag 30. november kl. 00.00
    Komande filmar
    Her kan du sjå kva filmar som kjem på Haram kino framover. Tidspunkt og dato for kvar film vert bestemt veke for veke. Med atterhald om endringar.


    Beatles
    Fly 2
    Expendables 3

    Les meir..