Taremarivalen
Ingebrigt Davik si fantastiske undersjøiske verd "Taremareby" ble for fyrste gong sete opp på Det Norske Teater i 1966. I November 2009 syntes Teatret Vårt det var på tide å lage ein familieforestilling av "Taremareby". Det eventyrlege samfunnet av skaldyr, fisk og vekstar vart vekt til live att for ein ny generasjon nysgjerrige barn og ein festival vart laga rundt premiera og dei påfølgande oppsetningane av stykket her på Ingebrigt Davik-huset.
Taremarivalen vart fødd på Ingebrigt Davik-huset, og Teatret Vårt og kulturavdelinga i Haram kommune arbeida heile hausten med å få til ein flott ramme og ein folkefest rundt premiera og forestillingane i Ingebrigt Davik-huset. I tillegg til å sette fokus på forestillinga og Ingebrigt Davik forsøkte vi også å rette fokus på miljøet i havet og kor viktig havet er for oss som lever langs kysten.
Etter suksessen i 2009 er det no bestemt at det også blir Taremarival hausten 2010. Sett av 12. og 13. november, og få med deg denne teater- og musikkfesten!
|