Brattvåg IL - Kick-off

Om arrangementet

Fotballsesongen 2020 er rett rundt hjørnet, og dette skal markesrast med brask og bram! Det blir ein underhaldande kveld, der du blir betre kjent med både nye og gamle spelarar. 18 år

For å kaste glans over årets Kick-Off har vi fått inn ekspertkommentator Øyvind Alsaker, Kåre Ingebrigtsen, Per Joar Hansen, Kjetil Rekdal etc etc Neida, men Kasper Foss vil gje oss følelsen av at dei er der, den saken er grei! 

I tillegg blir det fotballquiz, nostalgi, røvarhistorier og mingling. Til slutt kjem sjølvaste Luffen Valle for å gi ein musikalsk opplevese ein fotballkveld verdig. Her blir det show og høg høg allsangfaktor.

Vi vil tru både Brattvåg herre og Brattvåg damer har høge forventningar til årets sesong, og vi har tenkt å sette standarden med ein suveren start! Velkommen til BIL kick-off 2020!

Småbord, scene og bar!