Flukten over grensen

Om filmen

Originaltittel: Flukten over grensen

Premiere: 2020-02-14

Varighet: 1t 36min

Sjanger: Familiefilm, Spenning

Aldersgrense: 9

Regissør: Johanne Helgeland

Det er desember 1942, og fire barn er på flukt. Sarah og Daniel er jødar og skal bli sendt ut av landet. Dei har gøymt seg i kjellaren til familien til Otto og Gerda, men no er dei oppdaga og foreldra arrestert. Otto og Gerda bestemmer seg for å hjelpe dei nye venene sine. Gjennom snøtunge skogar flyktar dei fire barna frå tyske soldatar. Målet er å kome seg til Sverige. Det blir ei flukt på liv og død. Heldigvis møter dei gode hjelparar underveis. Men kven kan dei eigentleg stole på? Me har fortalt historiene igjen og igjen, på film, bøker i aviser, men alltid for vaksne. Endeleg kjem ein film frå krigen for heile familien. Flukten over grensen er ein spenningsfilm om tillit og vennskap, om frykt og om stort mot hjå små menneske. Suksessforfattar Maja Lunde har sjølv skrive manus til Flukten over grensen. Filmen er basert på den prisvinnande boka hennar frå 2012 og er ei spennende, rørande og tankevekkjande historie basert på historiske hendingar.