Miracle in the cave

Om filmen

Tittel: Miracle in the cave

Premiere: 2020-02-06

Varighet: 1t 43min

Sjanger: Drama, Thriller

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Engelsk, Thai

Regissør: Tom Waller

Når eit fotballag på 12 gutar i alderen 11-16 år og den 25 år gamle trenaren deira blir fanga djupt inne i ei hule i Nord-Thailand, kjem tusenvis av frivillige og soldatar frå heile verda saman i eit oppdrag å finne og redde dei - i ein heseblesande kamp mot klokka. Når gutane blir funne i live etter ti dagar, er den einaste vegen ut til fridomen ein fem timars svømmetur under vatn, som berre dyktige grottedykkarar kan overleve. I Irland får flyelektrikar og fritidsgrottedykkar Jim Warny ein telefon: "Kor raskt kan du vere i Thailand?" Når han går av flyet i Thailand og inn i grotta, startar eit tre-dagars oppdrag som heile tida balanserer på ein knivsegg. Med utgangspunkt i sanne hendingar, fortel The Cave den spennande historia om det største, internasjonale redningsoppdraget i moderne tid. Me ser aksjonen gjennom menn og kvinner som står overfor liv og død-avgjersler, som syner oppofrande viljestyrke og mot, som til slutt endar med eit triumferande resultat mot alle odds.