Steinar Raknes m/ Unni Wilhelmsen // Stillhouse

Om arrangementet

Dette blir fint! Det blir tøfft! Ein konsert det garantert er verdt å få med seg! Terningane har blitt trilla, og det vart yatsy med 5 og 6`arar!

Chasing The Real Things er Raknes sitt tredje album med prosjektet
STILLHOUSE, der Raknes syng og spelar kontrabass. Bassisten skriv låtar
innanfor americanasjangeren, og både coverlåtar og eigne låtar berast av
det genuine særpreget i Raknes sitt kontrabass-spel og vokal. På plata
har bassisten med seg fleire gjestar, og mest framtredande er
munnspelaren Mickey Raphael frå Nashville, som til dagleg spelar m.a i
Willie Nelson band. I tillegg bidreg eit stjernelag av norske artistar -
Unni Wilhelmsen, Ane Brun og Solveig Slettahjell - vokal, Ola Kvernberg
- fiolin, Kjetil Møster-sax, Andreas Utnem - trøorgel og Per Oddvar
Johansen - sag, - til at plata har vorte ei musikalsk perle med mange
palettar.

På releasturnéen er bassisten på vegen saman med Unni Wilhelmsen, og
saman har dei sett ihop eit nydeleg og sterkt repertoar. Unni og Steinar
har begge særs uttrykksfulle stemmer, og kontrasten mellom dei to gjer
at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte.

Raknes og Wilhelmsen har samarbeida før, i samband med Raknes sitt
prosjekt STILLHOUSE - der han syng og spelar kontrabass. Kontrabass er
det einaste instrumentet på scena. Men Raknes spelar instrumentet som
eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han brukar
fingerspel-teknikkar som gjer at instrumentet fungerar både som ein
gitar og ein bass. I tillegg tek han i bruk elektriske effektar, stomp
box, og looping av både bass og stemmer. Dette er ein konsert som
varierar mellom det nære, intime og akustiske, - til store lydbilde med
fullt rocke-trøkk. Repertoaret er hovudsakleg låtar skrive av Raknes,
frå dei tre utgivelsane i STILLHOUSE-serien, med hovudvekt på den siste
plata Chasing The Real Things. I tillegg presenterar dei fengande og
særeigne cover-versjonar av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan,
og Depeche Mode.